“Hvor skal vi?” spurte Ole Brumm Christoffer Robin.
“Ingen steder!” svarte Christoffer Robin, og så gikk de dit.
I går hadde me internasjonal dag på skulen. Ganske interessant at den internasjonale dagen er på forskjellige dagar på forskjellige skular. Eh. Uansett, det var ganske koseleg! Me såg ein film om kva prosjekt OD støtter i år, og den var kjempeflott! Verkeleg fantastisk. Resten av dagen gjekk heilt greitt, OD-kommiteen var veldig flinke til tross for at alt ikkje gjekk som planlagt. Eg og Ole var flinke og var der heile dagen, i motsetjing til ein god del andre, i og med at det berre var omtrent femten personar att når dei skulle skrive fråvær. Ein vellukka ID-dag indeed!
På torsdag er det operasjon dagsverk, og då skal eg og Ole jobbe heime hos meg. Me skal rydde, vaske og støvsuge rommet mitt, støvsuge gangen, kjøkkenet og stova, setje inn ein ny TV-benk på rommet mitt, ooog pakke saman trampolina som står i hagen. Det kan jo bli gøy. Sjølv å rydde er gøy saman med Ole! : D Eller. I alle fall litt.
Eg driv å ser på Disney Chanel heile tida no etter eg fekk sånn der fancy boks til tven min. Det er kjempeflott! Det er litt flaut, men eg tykkjer Hannah Montana er fantastisk! Det er så gøy. Knis. Dessutan speler Disney Chanel musikkvideoen til ein Jonas Brothers-sang, og eg går rundt å syng på den heile tida, fordi eg får den på hjernen kvar gong eg ser på tv. Haha. Musikkvideoen er ganske søt, då.
I går byrja det å snø. SNØ. I oktober. Er det mogleg? Eg forsto ingenting. I tillegg satt eg på med min far til skulen, og når me kom til Trengreid hadde snøen lagt seg sånn fint på trea, og eg kom faktisk litt i jolestemning. Det er teit, i og med at det er i underkant av to månadar til jul. Dessutan feirer eg ikkje jul, så eg treng eigentleg ikkje å kome i julestemning. Eg irriterer meg over hykleriske Noreg, som er så imot amerikansk kommersialisme i form av Halloween, men likevel byrjar å selgje julebrus og julemarsipan i midten av oktober. Kvar er logikken i det?
Eg har blitt utfordra til å svare på ein sånn slags sær spørjegreie, så den skal eg poste her:
1. Hva vil du bli?
Eg veit ikkje. Har faktisk ikkje ein einaste anelse.
2. Hvordan ser en hverdag ut for deg?
Stå opp litt for seint, finne ut kva klede eg skal ha på meg, drikke litt vatn, springe til bussen, ta bussen til skulen, vera med Ole litt før skulen byrjar, vera på skulen til tre, halv to eller ti på halv tolv alt ettersom, ta bussen heim, ete, sjå på Disney Chanel (høhø) og diverse anna, fram til eg legg meg.
3. Hva ville du tatt med deg til en øde øy?
Svær båt til å køyre tilbake med.
4. Er du lykkelig nå, og hvorfor/hvorfor ikke?
Eg er ganske så lukkeleg! : D Eg har ein flott kjærast, fine venar, og alt mogleg anna bra!
5. Hva vil du oppnå i livet?
Haha, flashback frå ID. Hm, veit ikkje. Det endrar seg ganske ofte.
6. Hva er favorittplagget ditt?
Star Wars-skjorta mi.
7. Hva heter favorittboka di?
Kompani Orheim av Tore Renberg og Robinson Cruoise av Daniel Defoe.
8. Hvilke land har du vært i bortsett fra Norge?
Sverige, Danmark, Tyrkia, Spania, Hellas, Tyskland, Polen… ja.
9.Hva er din absolutte favorittblogg?
Veit ikkje heilt.
10. Hvor mange kontakter har du på msn?
Har ikkje peiling.
Eg utfordrar alle som les dette til å svare på det på sin blogg!