november 2008


Eg var å snoka på bloggar i dag, og kom innom denne bloggen, der eg ble utfordra til ei oppgåve som består av å skrive sju sanningar om seg sjølv som ein ikkje trur blogglesarane veit.

1. Eg er vegetarianar, og likar verkeleg ikkje kjøt.
- Kjøt er ekkelt. Eg blir faktisk kvalm av det. Det er heilt utenkeleg for meg å kunna ete kjøt, eg nestan grøssar ved tanken. Ikkje berre grunna det faktum at dyr har lidd for å bli mat, som me faktisk ikkje treng, men og fordi eg ikkje greier smaken. Råttent treverk. Som å ete plankar som har vore utsett for store mengdar regn, for så å tørke halveigs, og har fått sånne ekle blågrå prikkar. For ordens skuld et eg heller ikkje fisk, dersom nokon lurer på det.

2. Eg har aldri likt majones, før omlag eit halvt år sidan.
- Eg oppdaga majones ved ein tilfeldigheit. Eg kjøpte mat på Big Bite, og ho som skulle smøre på misforsto meg, og trudde eg sa at eg ville ha med majones, og ikkje utan. Eg åt det uansett, fordi eg var forferdeleg svolten, og det ble som ein slags matrevolusjon for meg.

3. Eg er livredd for haiar.
- Det høyres kanskje ikkje så spesielt ut, men det er slik at eg kan heilt plutseleg få panikk når eg badar. Det har ingenting å seie om det er i ferskvatn eller i eit badebasseng for den del, eg får annfall. Eg veit ikkje kvifor, men det har vore slik sidan eg såg Titanic. Noko som er merkeleg, i og med at det ikkje er haiar med i den filmen.

4. Eg var allergisk mot ketchup før.
- Når eg var liten kasta eg opp kvar gong eg åt ketchup. Det er ganske ekkelt å tenke på, fordi eg framleis hugsar korleis det var. Sjå for deg at du kastar opp raud væske som smakar ein blanding mellom den vanlege oppkastsmaken og råtne tomatar.

5. Eg elskar språk.
- Eg kosar meg verkeleg med rettskrivingsoppgåver, stiloppgåver og dei fleste oppgåver som innebærer skriving. Eg tykkjer rettskriving er flott! Eg kosar meg med å rette nynorskoppgåver, og er ein av dei få (?) personane som faktisk likar å ha både sidemål og hovudmål.

6. Eg får alt for lite søvn.
- Eg får rett og slett ikkje sove. Ofte ligg eg våken i fleire timar før eg sovner. Noko som Ole får annfall av, i og med at eg pleier å plage han når eg søv med han. Eg har blitt flinkare til å ikkje plage i det siste, då. Men det er likevel søtt når han snakkar i søvne om å stenge dører og orkanar.

7. Eg er medlem av Raud ungdom, Natur og ungdom, Dyrevernalliansen, Norsk målungdom, SOS rasisme og Ungdom mot EU.
- Det er likevel berre Raud Ungdom eg har tid til å vera aktiv i. Skulle gjerne vore aktiv i dei andre organisasjonane og, men for no får det nøye seg med RU.

Eg utfordrer alle som les dette til å ta utfordringa og lage ei slik liste om seg sjølv!

Hvis alle på jorden sluttet å puste i en time, ville ikke drivhuseffekten være noe problem lenger.
- Jerry Adler

Eg stressar. Filmoppgåva og plakaten skal vera inne til torsdag, og eg er ikkje halvferdig enda. Dessutan har eg nazihovudverk, så for å få litt avveksling har eg bestemt meg for å blogge.
I dag fekk me att smussomslaget me laga i media, og eg er veldig fornøgd! Og sidan eg er såpass sjølvgod og duzt skal eg leggje ut karakterane.

KOMMUNIKASJON:
Boka di skaper merksemd. Den kommuniserer også godt ved nærare syn. Ord som har betydning i boka og hovudkarakteren sine tankar og kjensler, som du skriv om. Flott!
Karakter: 6

DESIGN:
Svært godt resultat. Kreativ bruk av typografi der anna fritt element er linjene dine. Enkelt men flott. Dette krevde tid, men saman med god bruk av farge og fargesymbolikk vart resultatet spennande og heilheitleg. Du trekkjer vidare element frå framsida inn i innbrett og bakside på ein god måte. God kontakt mellom alle sidene dine. Du har ein stram komposisjon. Trekk for baksida mot innbretten. Den er litt uferdig.
Karakter: 5/6

Produksjon:
Rapport:
Den kunne ha vore meir oversikteleg og lettlest. Ellers skriv du godt og gjere greie for vala dine på ein svært god måte. Du manglar kompetansemål frå læreplanen, og litt om gridsystemet ditt.
Prosess:
Du har arbeidd godt med ein sikker og målretta haldning til boka, sjølvstendig. Men du kan vera flinkare med å kontakte lærar. Men dette tykkjer eg du er vorten no.
Karakter: 5-

Her er eit bilete av smussomslaget:
mannen-som-elsket-yngve

Sånn. No er eg ferdig med sjølvskrytinga. Då kan eg gå over til å poste masse random bilete som eigentleg ikkje høyrer heime nokon stadar. Eg er for ein gong skuld sit eg nemleg på skulePCen, og ikkje på min fantastiske MacBook. Og no når eg såg igjennom filane på den fant eg masse teite bilete eg nestan hadde gløymd. Her er eit lite utval:

elzk-dg
HAHA! : D Meg og Ingeborg. Om nokon lurer er ikkje dette noko særleg seriøst, men det er likevel det bilete eg har brukt lengst tid på i Photoshop.

anjaterror
Håvard redigerte bilete av meg. Han er nazigod på redigering, forresten! Og om nokon lurer: Håret mitt er faktisk ikkje redigert der. Eg hadde blått hår.

ssa52012

Originalbilete av det ovenfor.

ssa52358

Meg og min far på Kypros sist sumar.

dsc_2403-copy

Matias, meg og Tobias. Fantastisk sexy, eg veit.

Eg skal leggje inn fleire bilete snart, når eg orkar. No må eg stresse med å få ferdig filmplakatgreia, sidan eg reiser til Oslo på torsdag.